Om oss

Skår Bygg AS er eit byggfirma som gjer om lag alt du treng for å bygge eit hus; frå singelen til det er nøkkelferdig – og du kan setje nøkkelen i døra sjølv. Selskapet vart oppretta av Johan Skår i 1992 og har meget god erfaring, og god rutine. Vi har utvikla kompetanse innanfor fleire fagfelt og vil samordne byggeprosessen.

Kontakt oss

Erfaring gjennom generasjonar

Skår har ei innovativ besetning som har opparbeidd seg erfaring gjennom fleire generasjonar. Våre fire byggeleiarar har alle erfaring med sine spesialområde, og vil tilby deg god service og veiledning – hugs å kontakte oss om du lurer på noko! Opp gjennom åra har vi skaffa oss og utvikla kompetanse innan mange fagfelt. Hovudtanken vår er at vi vil vere med i heile prosjekteringsfasen til nøkkelen står i døra – det ein kallar nøkkelferdig. Dette gjer vi ved å samordne alle byggeprosessane saman med dei tekniske faga som er naudsynte (som t.d. el, rør, ventilasjon, mm.). I tillegg tilbyr vi utlån av utstyr. Vi tek bl.a. på oss alt av tømrararbeid i tiltaksklasse 2 (opp til 5000 m2), oppsetting av husmurar/støttemurar i tiltaksklasse 1, innrednignsarbeid, mindre graveoppdrag/masseforflyttning og pussing av murar for maling eller med sluttpuss – samt mykje anna: sjå Tenester eller Sertifiseringar lenger nede for oversikt!

Våre byggeleiarar

Johan Skår

Dagleg leiar, Sula

(+47) 905 14 868 post@skarbygg.no

Kai Arne Skår

Fagleg leiar / Byggmester, Ørsta

(+47) 971 62 273 kaiarne@skarbygg.no

Håvard Kolås

Byggeleiar, Ørsta

(+47) 951 68 328 haavard@skarbygg.no

Paul Grebstad

Byggeleiar, Sykkylven

(+47) 959 41 966 paul@skarbygg.no

Historikk

  • 1992
    • Skår Interiørmontering starta opp som enkeltmannsforetak av Johan Ragnar Skår. Leverandør/montør av inventar til offentlige rom/hotell.
  • 1993-2008
    • Fast vedlikeholdsfirma på Dr. Holms Hotell Geilo, for Fische ASA
  • 1993-2010
    • Innvendig renovering/ oppgradering av ca 40 hotell mellom Trondheim og Oslo.
  • 2002
    • Ombygging av Fische Marine AS anlegg på Sætre i Hurum. Då, norges største anlegg for båt og fritid på sjøen.
  • 2004
    • Representasjonsbolig for Fische Marine AS, Sætre i Hurum kommune
  • 2007
    • Endra organisasjonsform til Skår Interiørmontering AS
  • 2008
    • Renoverte restaurant, cafe, dancing og ca 50 hotellrom på Hotell Alexandra, Loen.
  • 2008/2009
    • Renovere Hotell Ivar Aasen, Ørsta, for Conplan AS, Ulsteinvik.
  • 2009
    • Skår Interiørmontering AS,  Mesterbedrift.
  • 2010
    • Innvendig arbeid: Skårbygget i Volda, for Rune Skår.
  • 2011/2012
    • Bygde Vikertunet psykiatribustader og dagsenter, Ørsta, for Veidekke Entreprenør AS, avd Volda
  • 2013/2014
    • Alt innvendig og utvendig tømrararbeid 3, 4 og 5 etasje på nye Thon hotell og konserthus i Fosnavåg, for Veidekke Entreprenør As, avd Volda.
  • 2014
    • Godkjent for Sentral godkjenning Tiltaksklasse 2:  Tømrerarbeid og montering av trekonstruksjoner.
  • 2015
    • Endra navn og logo frå Skår Interiørmontering AS til Skår Bygg AS.
    • Kaarstadbygget, Volda. Innvendig oppgradering.
  • 2016   Nye Øyra Skule, Volda. Tømrerarbeid.
  • 2017 Nye Ørsta Legesenter.
  • 2018-19 Håmyra. 2 lav-blokker 2 x 10 leiligheiter.
  • 2019 Studentbustadar, Heltne ll Volda. 120 studentbustader.
  • 2019-20 Studentbustader, Heltne ll Volda, 66 studentbustader.
  • 2020 Ombygging av Auditoriet ved Hans Strøm-Bygget ved Høgskulen i Volda.
  • 2020 Volda Campus Arena, Utvendig trekledning.
  • 2021-22 Administrasjonsbygg til VØR – Melsgjerdet
  • 2022 Tilbygg Ørsta Ungdomsskule
  • 2022-23 Voldaportalen
  • 2023 Venterom og brygge ved Volda Fergekai

Sertifiseringar

Vi er ei registrert mesterbedrift – sjå gjerne Mesterregisteret. Vi er godkjent som

  • Utførende for Tømrerarbeid og montering av trekonstruksjoner tiltaksklasse 2
  • Prosjekterande for konstruksjonssikkerheit tiltaksklasse 1.
  • Grunnkurs verneombud og AMU-medlemmer.
  • Grunnkurs fordypning HMS, 40 timerskurs.
  • Registrert i MVA: Ja
  • Registrert i NAV aa-registeret: Ja
  • Stillas – Stillasbyggere opp til 9 meter.

ansvarsrett mestermerke